FJORDPIPE AS
Org.nr. 992 137 266
Kvalvika 33
6940 Eikefjord
Kinn kommune
Historie om Fjordpipe / Eikefjord Mekaniske Verkstad (EMV)
Fjordpipe starta sin reise den 24.11.1986 under namnet Eikefjord Mekaniske Verkstad (EMV), etablert av Magnar Sunnarvik, Allan Tonheim og Svein Sigdestad. I tillegg var Henning Aven og Kenneth Horgen med frå starten av. Magnar og Allan fungerte som arbeidsleiarar dei fyrste åra. Allan var dagleg leiar og Magnar var økonomiansvarleg. Dei brukte sitt store nettverk til å sikre dei første kontraktane hos Mjellem og Karlsen, Løland og Ankerløkken.
Den første verksemda var plassert i den gamle sementfabrikken på Hatleset, men denne kortvarige lokaliteten vart etter kvart erstatta av ein ny base i bygget til Havn Trevare i Eikefjord sentrum i 1987. EMV heldt til der fram til taket vart rive av i nyttårsorkanen den 01. januar 1992. EMV fekk raskt nye lokale på Nesjane utanfor Eikefjord, der hovudkontoret framleis er i dag.
Tidlege oppdrag og vekst
EMV fekk sitt fyrste store oppdrag hjå Mjellem og Karlsen i Bergen, der dei utførte leverte fabrikkhydraulikk og fiskepumper til fisketråleren Hardhaus. Selskapet etablerte seg raskt innan skips- og industrioppdrag, og opparbeidde seg langvarige samarbeid med verft som Mjellem og Karlsen, Kleven Løland (Havyard Leirvik), Båtbygg, Ankerløkken Florø/Førde (Kleven frå 1989), samt Westcon (FMV).
På 1990-talet utvida EMV ytterlegare med prosjekt for skipsverftet Kleven Ulstein, Aukra, Langstein og Elkem i Svelgen, der vedlikeholds- og industri dominerte arbeidsporteføljen. På denne tida vaks også arbeidsstokken, og Svein Sigdestad, Jon Åge Sande og Henning Holsen vart arbeidsleiarar tidleg på 1990-talet.
Eigarskifte og vidare utvikling
I 1997 slutta Allan Tonheim, og arbeidsleiarane Henning Holsen og Jon Åge Sande kom inn på eigarsida. Magnar Sunnarvik vart då dagleg leiar fram til han trekte seg ut i 2003. Då kom Kåre Hetle og Malvin Midtbø inn som nye eigarar. Jon Åge Sande tok over som dagleg leiar etter Magnar frå 01.02.03. Julie Humlestøl-Titlestad vart ansatt som kontormedarbeider i 2008.
Namneendring og internasjonalisering
Den 12. september 2011 skifta selskapet namn til Fjordpipe, ei endring som vart markert av dåverande ordførar i Kinn, Bengt Solheim Olsen. Namnet skulle understreke ein meir internasjonal profil, sidan det er lettare å posisjonere seg globalt med eit kort og kraftfullt namn.
Satsing og modernisering
Frå 2013 starta Fjordpipe ei strategisk satsing på røyrinstallasjonar i bygg, med Kåre Hetle som leiar og Marius Halvorsen som fagleg leiar. Dette markerte ei utviding frå å vere ein tradisjonell industrirøyrleggjar til også å bli ein regional røyrentreprenør med brei erfaring innan både industri- og byggsektor. Ewelina Markiewicz vart ansatt som kontormedarbeidar i Fjordpipe i 2013.
Fleire eigarar
Frå 2019 vart arbeidsleiarane Hugo Høyvik, Knut Arne Berge og Terje Engevik med på eigarsida.
Generasjonsskifte
I 2023 gjekk Jon av som dagleg leiar og Trond Midtbø tok over stillinga frå 01.02.23. Mathias Røyseth og Stig-Robin Sigdestad vart ansatt som prosjektleiarar frå 01.02.2023 og kom inn som eigarar i 2025.
Noverande situasjon
I dag har Fjordpipe om lag 75 tilsette i EMV-gruppa, ei nedgang frå toppnivået på ca. 150 tilsette på 2000-talet. Selskapet har også eit søsterselskap, Fjordpipe Production, der ein del av arbeidsstokken er plassert. Namneendringa og utvidinga av verksemda har bidratt til å posisjonere Fjordpipe som ein stor aktør innan røyr- og industrisektoren, med brei kompetanse innan både industri og bygg.