Om oss

Verkstad/utstyr
Fjordpipe sin verkstad på Nesjane på 800 kvm, med eit uteareal på 2000 kvm er moderne utstyrt for prefabrikkering av rør og mindre stålkonstruksjonar. Verkstaden er utrusta med 3 sveisestasjonar for MIG/MAG og TIG, platesaks, stanse, platevalse og dorbøyemaskiner som kan bøye rør frå 12-60 mm.

Personell
Fjordpipe har i dag ein stor arbeidstokk fordelt på arbeidsleiarar, industrirørleggarar, sveisarar og VVS rørleggarar.

Forretningsområde
Fjordpipe har sidan starten i 1986 basert seg på prefabrikkering og montering av komplette rørsystem til skips- og landbasert industri, i hovudsak på Vestlandet.

Samarbeidspartar

  • EMV Piping – er godkjent bemanningsselskap
  • Staro Tech – er samarbeidspart på maskinering og mekanisk arbeid
  • Eikefjord Rør – er sertifisert på sveising av plastrør